Hudskomaking i Morgedal

Hudskoprosjektet har sin bakgrunn i eit tidlegare prosjekt Norsk handverksutvikling og Norsk Skieventyr hadde saman. Prosjektet var skimaking som vart avslutta i 2008. Prosjektet har dokumentera den gamle skihandverkskunnskapen som eksistera i Morgedal og overført det praktiske handverket til yngre krefter.

Ein erfaring frå skimakingsprosjektet var at dagens sko var lite eigna til å bruke i vidjebindingane. Hudsko var dåtida skisko og den mjuke skoen vart godt eigna i vidjebindingen, medan dagens harde sko knekte vidjebindingane raskt.

Ynskje med hudskoprosjektet var å kunne lage hudsko som var vanleg å bruke i Vest-Telemark som skisko rundt 1850 åra og framover. Hudskoprosjektet har bruka erfaringane og kunnskapen tradisjonsberar Aasmund Kleiv har. Han laga ein del hudsko til filmen om Sondre Norheim i 1970. Han gjorde ein del research og det er den bakgrunnen Aasmund har som tradisjonsberar.

Det er henta kunnskap til hudskoprosjektet frå NHU sitt arkiv, det er eit opptak av Lars Gardsteig som viser korleis ein lagar hudsko/skallar. Det er og lese faglitteratur og Sidsel Sæterhaug frå Høgskulen i Telemark har kome med nyttige innspel. Gamle hudsko som var utstilt på Norsk Skieventyr vart og studert.

Hudsko. Foto: Aadne Sollid

Hudskoa i prosjektet vart laga av hud frå  bakfoten frå storfe og må ikkje forvekslast med skallar der ein nyttar skinn frå skallen av et dyr, mest vanleg reinsdyr.

Tradisjonsberar Åsmund Kleiv og Tarjei Gjelstad. Foto: Aadne Sollid

Hudskoa vart og kalla fitir og kjem frå storfe, kyr eller hest. Huda blir tatt frå bakføtene, dette for å få stort nok skinn. Skinnet frå framføtene var bruka til pløse på skoa. Det var viktig at skinnet  vart skore av godt ovanfor hasen.  Skinnet måtte skjerast opp på innsida av foten fordi hasen skal bli hælen på hudskoa.

I prosjektet prøvde ein ulike knivar og sakser. Skomakarkniven viste seg som eit godt eigna reiskap Skoa blir henta frå skinnet på bakfoten. Det var viktig å ta hensyn til dette under slakting. Skinnet skjærast på innsida av beinet, dvs at kneet/hasen  skal vera hælen på skorne. Skinnet vart skore rett av men ofte skar ein til ein skråkant for å gjere det lettare å tre gjennom tråden.

Skinn lagt på lest. Foto: Aadne Sollid

Skinnet blir lagt på lesten med håra inn og festast med små stifter. Stiftane festast fyrst i hælen, skinnet strammast opp og ein festar den neste stifta i tåa. Det er viktig å spikre jamt på begge sider for å få jamn stramming på skinnet.

Hudsko. Foto: Aadne Sollid

Skoa vrengast av lesten og skaftet skjerast til i ynskeleg lengde. Skoa var aldri veldig høge. Truleg var det ein fordel at skoa ikkje var så høge fordi hudsko blir veldig stive når dei turkar. For å hindre at det kom sno ned i skoa bruka ein snosokkar/gamasjer.

Skimakertradisjon i Morgedal

Videreføring av kunnskapen til skimaker Aasmund Kleiv som er den sentrale nålevende skimakeren i Morgedal.